PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Velkommen til Ål Frivilligsentral

  • Vil du bruke litt av tida di saman med andre?

  • Vil du treffe nye menneske?

  • Vil du vera med å setje dine og andre sine idéar ut i livet?

Frivilligsentralen er kort sagt ein møteplass som formidlar kontakt mellom mennesker i lokalmiljøet - nokon treng hjelp og andre ynsker å hjelpe. I tillegg skal me legge til rette for at menneske kan møtast på tvers av alder, interesser, kultur og føresetnader.

Noko av det me arbeider med for tida er:
Helsetunverter. Me er i gang med helsetunverter. Dermed er det folk i respsjonen nede på det flotte nyoppussa/utbygde helsesenteret vårt. Har du litt tid til overs - bli med og skap hygge for dei som skal innom der. Enten det er pasientar eller pårørande.

Tai Chi - gamal kinesisk kampkunst som utfordrar både kjernemuskulatur og balanse.  Også stressreduserande. Kvar torsdag kl 19.00 på sentralen.

Seniordans kvar måndag kl 12.30 - 15.00. Her er det låg terskel og høgt under taket. Bli med då vel!

Mindfullness - kvar onsdag kl 11.00.

Calligrafi for ungdom - kvar fredag kl 15.00.

Handlinga går som vanleg 2 dagar i veka. Leksehjelp kvar onsdag (for 5 - 7 klasse).

Dataklubben på Nigardstugu.  Her brukar me stort sett iPAD. Alle kan bli med, det er eit lågterskeltilbod. Det foregår annankvar onsdag kl 17.00 - 19.00 i Nigardstugu.

Minnevenane, leseomboda og flyktningvennane er aktive og i godt gjenge, men me kan ha god nytte av litt fleire. Om du tenkjer at du kunne prøvd deg som minneven, flyktningeven, leseombod, aktivitetsven, besøksven eller andre ting, så ta kontakt. Har du nokre timar til overs? Små ting kan gjera ein stor forskjell!

Ta kontakt på tlf 907 77 495 om det er noko du lurar på!

GÅ SJØLV!

Lytt ikkje etter bank på dør.
Det gjer grannen.
Gå sjølv!

Vent ikkje på steg i tunet.
Der gror graset fritt.
Gå sjølv!

Bryt denne underlege forbanninga
som har kome over landet:

Det passar vel ikkje.
Dei skal sjå dagsrevyen.
Dei tykkjer eg er rar.

Bryt det tvert over
- og gå sjølv!

"Synnøve"

Navn:
Ål Frivilligsentral
Eier:
Ål kommune
Adresse:
3570 Ål
Besøksadresse:
Torget 6
Telefon:
907 77 495
 
 
Kontaktperson
 
Navn:
Gunn Marit Oleivsgard
Telefon:
907 77 495